|
|
Brød
I bakeriet i lustrabui er brøda laga av vanleg mjøl, vatn frå springen, surdeig, gjær og havsalt. Me har ei maskin som gjer eltejobben, resten vert utført med menneskeleg arbeidskraft.
I tillegg har me uendeleg tolmod og vedfyrt bakarovn - dette gjev brøda ein rik smak og aroma. Me bakar også bollar, skillingsbollar og kaker. Hugs at brød er ferskvare. Dei smakar best fyrste dagen.
For å oppbevara brøda eit par dagar kan du la dei liggja i papirposen med eit handkle rundt eller i brødboksen. Brød som har lege litt for lenge kan du friska opp ved å halda det under rennande vatn ein augenblink og deretter i varm omn (ca 240 grader) i nokre minutt. Våre brød egnar seg godt til frysing.



|